Elisabet Mæland Fosse
Avdelingsdirektør kommunikasjon og kunnskap, Patentstyret
Elisabet er utdanna teknolog og har ein Master of Management frå BI innan faga innovasjon, økonomi og leiing.
Elisabet har over 25 års leiarerfaring som topp- og mellomleiar frå større verksemder og som entreprenør. Ho har brei leiarerfaring innen merkevarebygging, kjededrift, forretningsutvikling og risikostyring frå næringslivet, mellom anna i DNV-GL, Norgesgruppen og Ica Norge. Ho har sete i fleire bedriftsstyre i karrieren sin. Elisabet har drive fleire utviklings- og omstillingsprosessar som leiar. Elisabet brenner for innovasjon og næringsutvikling, og har fleire års erfaring som moderator på konferansar, og som foredrags- og kurshaldar.